torsdag 19. januar 2012

13.00:

Vigsla byrjar i Joranger kyrkje kl 1300.
Dette er kyrkja Kristin (og Inger Anne og Knut Sindre) vart døypt i og den ligg ca 500 meter frå garden. I denne kyrkja arbeidde og bestefaren til Kristin i mange år som kyrkjetenar og klokkar, og pappaen jobbar her fortsatt som kyrkjetenar. Kristin spelte kyrkjeorgel for fyrste gong offentleg her, og har ei kimekarriere på julaftan bak seg herifrå saman med Knut Sindre.


For å finna kyrkja (retningsbeskrivelse frå Hafslo) køyrer ein i retning Gaupne på riksveg 55.  Køyr forbi skilt til Lambhaug og fortset ned heile den lange bratte bakken. Når de har kome ned heile den lange bratte bakken kjem de til eit skilt der det står Sviggum. Fortset rett fram og ta første avkjørsle til  venstre. (NB! Det er ikkje skilta her, men er einaste alternativ til venstre etter at har kome ned bakken). Etter nokre hundre meter kjem de til eit kryss, med eit gamalt skulehus på nedsida (ikkje den skulen de skal til seinare). Ta til høgre i krysset. Her er skilt til Joranger kyrkje og det er ca 2 km til kyrkja.

Klikk her for køyrebeskrivelse frå Hafslo til kyrkja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar