torsdag 19. januar 2012

Overnattingsalternativ

Luster er jo ein turistkommune så det finst uendeleg muligheter for overnatting. Me vil likevel koma med nokre anbefalingar så det blir enklare for dykk.

Gløtten hytter
ligg ca 600m frå Bremerfjøsen.
Her er det 3 hytter. Kvar av hyttene har 2 soverom, og i kvart av soveromma er det ei "dobbelseng" (125cm) med ei overkøye over. Hyttene har bad og kjøkken og kostar 700kr pr natt  for heile hytta om søv der ei natt og 600kr pr natt om blir der to netter. For bestilling ring: Ivar Buskaker på 99 01 30 46.

Tang hyttegrend
ligg i Hafslo sentrum (2.5-3km) frå Bremerfjøsen. Her har dei 4 hytter med 3 soverom i kvar. Kvart soverom har dobbeltseng med køyeseng over. Prisen per natt for heile hytta er 800kr. Hyttene har bad med varmekablar, kjøkken. For bestilling ring: Kjersti Tang på 95 23 08 31.

Ellers om ein ynskjer seg ei meir stasleg hotellovernatting, er Bestebakken eit alternativ. Her kostar det 3000kr for overnatting for to personar to netter på dobbeltrom. For andre prisar kontakt Bestebakken direkte.

Andre hotellalternativ er til dømes Eikum hotell og Tørvis fjordhotell.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar