torsdag 19. januar 2012

16.30 og utover:

Kl 1630 er det fint om alle har kome til Bremerfjøsen. Bremerfjøsen ligg mellom Hafslo og Veitastrond og er ein gamal fjøs som er gjort om til eit selskapslokale. Køyr mot Veitastrond. Avkjørsla er rett etter ein skarp sving-skiltet. Parker rett etter at de har teke av vegen.

I Bremerfjøsen vert det middag, rikholdig sognekakebord, talar, song, dans, god stemning og alt som høver seg i eit godt bryllaup. De får vin til maten og konjakk til desserten men om nokon ynskjer meir alkoholhaldig drikke utover kvelden må de betala dette sjølve. Bremerfjøsen har skjenkeløyve, men hugs å ta med kontantar då Bremerfjøsen ikkje har kortautomat...

Me er takksame for sangar, leikar, talar og andre bidrag. Desse kan anten sendast til oss eller til vår toastmaster Øivind Haugland. Han kan kontaktast på
oivind(a)vassdaleriksen.no, der ( (a)=@ ).




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar